Statsråden har godkjent andeslepp.

Andesleppet i Hellesyltfossen går som planlagt under Sommardagar på Hellesylt. Kultur og kyrkjeminister Trond Giske har rydda all tvil til side:
Send inn ei melding og arranger.
Etter at lotteritilsynet var tvilande til kor seriøse badeand-lotteri og liknande opplegg var, har statsråd Giske no bestemt at slike
konkurransar kan haldast. Vilkåret er at omsetjinga ikkje overstig 150.000,- kroner og at arrangøren melder frå om det ”flytane” lotteriet.
-Ei foruftig avgjerd. Det seier Magne Brekke, toppsjef i komiteen for Sommardagar på Hellesylt, og som har fått fleire støttemailar etter
oppslaget om saka i Sunnmørsposten. Han presiserer likevel at arrangøren på Hellesylt ikkje har fått avslag frå lotteritilsynet på søknad om
andeslepp i Hellesyltfossen. Melding er alt sendt, og med statsråden si avgjerd skulle alt vere klart for andeslepp i Hellesyltfossen 6. juli for
fjerde gong, eit lotteri som har blitt ein kjempesuksess, seier Brekke.