Vedlikehald på Furnes i gang

doc_280_4 doc_280_5

På Furnes har Storfjordens Venner i samarbeid med grunneigarane starta vedlikehald av våningshuset. Til neste år står det nyvølt om alt går etter
planen.

Garden Furnes ligg 450 meter opp frå Storfjorden, 8. km. utanfor Hellesylt. Her budde folk fram til 1868. Med åra har huset på strandsitjargarden
teke skade av ver og vind, så eit vedlikehaldsarbeid var naudsynt. No er det vesle tømmerhuset demontert. Stokkar som er skada av rote skal
lagast nye, og det arbeidet vert utført i Ørsta. Etter planen skal huset reisast igjen til våren 2009.
Det er Storfjordens Venner i samarbeid med grunneigarane som står for arbeidet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380