LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2008

Alt i rute til Sommardagar på Hellesylt

Hellesylt har fått ein smak av Sommardagveret, og komiteen heldt like godt møtet sitt ute.
Hellesylt har fått ein smak av Sommardagveret, og komiteen heldt like godt møtet sitt ute.

Ordførar Frank Sve opnar dei 21. Sommardagar på Hellesylt laurdag 5. juli. Kvelden før er det kyrkjekonsert, og deretter eit tettpakka og spanande program for dei to neste dagane.

Onsdag kveld var det nytt møte der personar med ansvar for postar i programmet møtte. Alt er i rute og under kontroll, viste det seg.
Svært mange, over 30 har tinga stand i og kring handelshuset i år. Det blir loppemarknad i Gatå, frå utescena blir det program både laurdag og søndag, og på grusbana riggar Bergstrøm tivoli opp. Av andre ting laurdag er Hellesyltløpet, ”Ta sjansen” på badestranda, seriekamp 4. divisjon mellom Sunnylven og Stranda, og stordans med Dansebandet.
Søndag er det gudsteneste på Høgreiten, NORD Helikopter flyg opplevingsturar, og sist, men ikkje minst går ”Det store andesleppet” av stabelen i Hellesyltfossen.
I Peer Gynt Galleriet er det omvising og framføring av teaterscener frå Peer Gynt, eit nytt relieffbilde av Oddvin Parr, Yggdrasil blir utstilt, og der blir kunstutstilling.
I tillegg til mykje anna å sjå og høyre, får ein kjøpt mat både på kafe og restaurantar på Hellesylt, eller hos lag og organisasjonar som grillar, sel rømmegraut eller hjortegryte.
Arrangøren Hellesylt Næringslag gjev ut messeavis i veka før Hellesyltdagane til husstandar i Nordfjord og til dei fleste kommuner på Sunnmøre.
Denne artikkelen var ikkje datosett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380