Folkerike Sommardagar

-

Sommardagar på Hellesylt 2008 vart som tidlegare år ei folkerik helg i fint ver. Tilreisande var på plass før sola rann både laurdag og søndag, og Hellesylt vart den ”maurtuva” av eit yrande folkeliv som få andre stader kan vise til.

Det starta fredag kveld med konsert i Sunnylven kyrkje. 293 betalande fekk oppleve ei flott songoppleving med ungsdomskoret Joyful og andre lokale ”gullstruper.
Laurdag og søndag var det full fart i tettstaden med aktivitetar og sal. Ordførar i Stranda, Frank Sve opna sommardagane frå utescena laurdag kl.12.00. Då var loppemarknaden til sanitetslaget alt i gong og selde svært bra, det same gjorde bygdekvinnelaget som baud på sin tradisjonelle rømmegraut begge dagar.

Idrett på stadion
Knappe 60 deltok i Hellesyltløpet med Ingvald Knivsflå, Geiranger IL som vinnar i herrer og Synne Korsbrekke, Rustad IL og Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL på delt fyrsteplass i dameklassa. Fotballgruppa hadde ei brutto omsetning på nær 100.000,- kroner i løpet av sommardagane frå sal av grillmat, og på stadion der 583 betalande fekk sjå Sunnylven vinne 3-1 over Stranda i 4. div. fotball. Alf Ole Sundgot, Bård Forbord og Kim Sture Flo skora for heimelaget, og Ronnie Furset for Stranda.

Mykje å oppleve
Utedansen ved Hægstad Gård samla 380 laurdag kveld, og salet til ”andesleppet” i Hellesyltfossen var større enn nokon gong.
90 store og små kom til friluftsgudsteneste på Høgreiten, og like mange var innom gamleskulen der det var opne dører søndag. Også på det gamle bedehuset var besøket godt på laurdag. Det nye helikoperselskapet til 62º NORD flaug opplevingsturar heile helga, og frå utescena på Ole Ringdal`s plass var det programinnslag begge dagar, leia av Jan Ove Tryggestad. Peer Gynt Galleriet hadde kunstutstilling, omvising i galleriet med framføring av scener frå Ibsendramaet.

Tok Gatå i bruk
Bergstrøm tivoli var på Hellesylt på grusbana for fyrste gong i år og hadde godt besøk alle dagar. Hellesylt ungdomslag baud på aktivitetar på badestranda med ”Ta sjansen”, og elles var handelen som vanleg god både i og utanfor Sunnylven samfunnshus og på lokale forretningar.
Også mykje meir i tillegg til det som er nemt var med på å gjere Sommardaga på Hellesylt 2008 til eit svært vellukka arrangement. At også den gamle Gatå var teka i bruk med fleire stands og salsboder var positivt.
Og sist, men ikke minst skal arrangør og tilreisande ha ros for at arrangementet vart gjennomført utan ordensforstyrrelser av noko slag.
Snart startar planlegginga for sommardagar 2009 som er frå 10. 11. og 12 juli.

denne artikkelen var ikkje datosett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380