LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2008

Heidra for mange idrettsmerke

-

Under sommardagane vart Lilli-Karin Ljøen og Oddmund Fivelstad tildelt høge utmerkingar frå Norges idrettsforbund for oppnådde krav til idrettsmerket over mange år.

Lilli-Karin Ljøen har greidd krava til idrettsmerket heile 35 gonger og fekk NIF idrettsmerket heiderspris. Oddmund Fivelstad har oppnådd krava 30 gonger som gav NIF miniatyrstatuett forgylt. Frå Sunnylven idrettslaget fekk dei begge vakre blomster. Flotte prestasjonar som vart markert frå utescena framfor eit stort publikum under Sommardagar på Hellesylt laurdag.

Denne artikkelen var ikkje datosett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380