LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2008

Hellesylt trygg plass å bu

-

Det var ein engasjert ordførar i Stranda, Frank Sve som opna dei 21. Sommardagar på Hellesylt laurdag. Mykje av opningstalen handla om beredskap og djupvasskaier.

Ordførar Frank Sve var raus med superlativa til arrangøren då han opna det heile. Han sa det var dei beste ”dagane” på desse kantar, og ein viktig del av Stranda kommune å ha Sommardagar på Hellesylt. Ordføraren rosa den store dugnadsgjengen som år etter år skipa til den flotte folkefesten.
Men sjølv om veret på laurdag var det aller beste, var ikkje alt berre ein ”skyfri himmel”. Også mørke skyer i form av eit byggeforbud hindra utvikling, sa han og kom inn på arbeidet som er utført med rasovervaking av området, og også bygging av djupvasskaier.

Topp overvakingssenter
-I dag er områda i indre Storfjorden med Hellesylt den tryggaste plassen ein kan vere på. Mange andre stader er der ikkje beredskap, i denne fjorden er verdens beste beredskap på plass. 95 mill. kroner er brukt på utstyr som er montert ned til 200 meter under bakken og i alle retningar. Berskapssenteret på Stranda er i verdensklasse. Der kan det varslast i god tid om eit ras vil kome. Med det bakteppet er det umogleg å akseptere at vi ikkje kan utvikle bygdesamfunn som før, men ha eit byggeforbud hengande over oss, sa Sve. Han tykte lovverket var ”kørka” og viste til eksempel på kva som har skjedde i andre deler av landet der flaum har gjort skade.

Djupvasskai
Om cruisebåtar kunne legge til kai ville Hellesylt oppleve folkerike dagar stadig om sommaren. Difor var ei djupvasskai så viktig at kommunen burde bygge uansett kva svar departementet gav. Då var det naudsynt å stå samla. Difor sa Sve at han var opprørt over det enkele hadde uttalt i media, og la til: –Hvis vi ikkje kan greie å halde fred med kvarandre går det ikkje an å få til noko.

Denne artikkelen var ikkje datosett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380