Jubla etter skoring

Kim Sture Flo fekk æra av å skore siste målet då Stranda fekk stryk i fotball på Hellesylt stadion under Sommardagane. Å ”knuse” storebror 3-1 var verdt eit sigersbrøl.
Det er ikkje i kvar kamp Sunnylven sin stødige forsvarsspelar skorar i serieoppgjør. Laurdag dundra han inn eit supermål etter dagens flottaste angrep. Og det var det heimelaget Sunnylven som produserte. I siste tilleggsminutt får Kim Sture ballen på 25 meters hald og klinkar til. Utagbart for gjestekeeperen går ballen i mål og til det som gjorde Sunnylven til best i indre i fotball. Då er det lov å juble og vise høglydt sigersglede.
Denne artikkelen var ikkje datosett.