Lokaloppgjør i fotball og ”Dansebandet”.

Arrangøren føl det tradisjonelle opplegget for Hellesyltdagane og opnar med konsert i Sunnylven kyrkje fredag kveld, og avsluttar dagane med ”det store andesleppet” i Hellesyltfossen søndag.


Kyrkjekonserten blir med lokale aktørar i år, Hellesylt sitt flotte ungdomskor, Joyful med lokale solistar.
På laurdag blir Hellesyltløpet arrangert med start og innkomst på Hellesylt stadion, der det same dag blir lokaloppgjør i fotball 4. divisjon mellom Sunnylven og Stranda.
Om kvelden spelar ”Dansebandet” til dans i stort dansetelt ved Peer Gynt Galleriet.
Under heile helga blir det seldt lodd til ”Det store andesleppet” i Hellesyltfossen med fleire pengepremiar, og der fyrste ”plastikkand til mål sikrar 10.000,- kroner til vinnaren.
Under Sommardagane blir det underhaldning frå utescene i sentrum med Jan Ove Tryggestad som programleiar.
Mykje meir av program og opplevingar blir det jobba med å få på plass, så føl med her og les meir i tida fram til Sommardagane 4. til 6. juli.
Også i år gjev arrangøren Hellesylt Næringslag ut ei 16 sider gratis messeavis til husstandar i Nordfjord og på Sunnmøre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380