Mange kyrkjegjengarar på Høgreiten

På Høgreiten samla det seg nær 90 store og små til gudsteneste søndag. For tredje gong vart det halde preike her på den gamle buplassen under sommardagarrangementet på Hellesylt.
Teksta for denne dagen handla om skaparverket, alt det flotte vi har kring oss. Høgreiten var eit eksempel på det, sa sokneprest Svein Runde som stod for det liturgiske under preika. Pensjonist etter 52 år i presteteneste, Magne C. Krohn heldt preika, og musikkskulerektor Trond Otto Berg stod for tonefylje til salmesongen.
Altertavla på Høgreiten var også denne gongen eit enkelt trekors, ei steinhelle fungerte som alterbord og eit spett gav god klang som kyrkjeklokke. Vi har høyrt det dårlegare frå andre stader i mange radioopptak Til slutt fekk alle frammøtte servert kyrkjekaffi.
Utescene
Gudstenesta på Høgreiten kjem til å bli fast innslag under Sommardagane trudde Svein Runde. I det flotte veret som var søndag er det ein utruleg flott stad å samlast på. Kanskje kjem der også betre benkar å sitje på etter kvart om tankar og lauslege planar om ei utescene blir arbeidd vidare med. På Høgreiten er det meste på plass frå naturen si side for eit slikt anlegg.
Denne artikkelen var ikkje datosett.