Mathias med ny storlaks

Mathias med ny storlaks

Mathias med ny storlaks

Mathias Hjelseth frå Sykkylven fekk sin første laks nokon sinne den 7/7, kl 0707 og den vog 7,7 kg. Guten har slått til igjen…..I går fekk han
en laks på 13,5 kg i samme hølen som sist…..

Dette vart også ei svært spesiell oppleving…., Mathias fortel:
Laksen for etter ei lita stund rett nedover elva i voldsom fart…
Onkel Ole Ringdal måtte ta stonga og springe etter.
Laksen drog ut nesten 100 meter sen. Dette førte til at sena vart hengande
fast i nokre steinar.
Laksefiskar Oddvar Hagen følgde dramaet frå andre sida av elva, og sprang
og henta fisksestonga si.
Han kasta makke-ongelen over sena, og drog til, og på den måten fekk løyst
sena frå steinane. Det samme skjedde ein gong til like nedanfor, men når sena endelig var laus frå steinane, var fisken fortsatt på. Med ein gong
eg stramma opp sena igjen raste fiske vidare nedover……
Etter ca 400 meter var fisken i ferd med å bli gåen….Men då hadde sena
«floka» seg til på snella slik at ein ikkje kunne sveive inn noko meir….
Etter mykje om og men fekk vi laksen mot land og morfar Kristen Ringdal kom
akkurat forbi i bil…
Han tok så laksestanga og pressa fisken mot land, medan vi prøvde alt vi
kunne å få fisken opp i håven. Det var ikkje berre lette å håve ein så stor laks sjølv om håven var stor. Til slutt lukkast det og historia enda
godt. Som det går fram av bildet så vart det åpen kiosk etterpå……

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380