Nesten til kai
Måndag var cruiseskipet Minerva til Geiranger og Hellesylt med engelske turistar. På Hellesylt kasta skipet ankra nesten ved kai.
Sjeldan, om nokon gong før har eit så stort skip kasta anker så nær land på Hellesylt. Men det gjekk bra, der var nok vatn mellom kjøl og botn.
Heller ikkje andre naturkrefter skapte problem for manøvrering av det store skipet.
Spørsmålet er om vi snart får oppleve at cruisekapteinar festar trossene i land på kai på Hellesylt.