Øver til kyrkjekonserten

Ungdomskoret Joyful med musikalske leiarar i framkant.

Ungdomskoret Joyful med musikalske leiarar i framkant.

Konserten i Sunnylven kyrkje 4. juli blir årets store sommaropptreden for ungdomskoret Joyful frå Hellesylt. Kyrkjekonserten opnar, som tradisjonen er, dei 21. Sommardagar på Hellesylt.

Joyful består av 17 jenter og 5 gutar i alder 13 til 16 år. Musikalske leiarar er Elisabeth Runde, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim. Elisabeth Runde fortel at dei no øver intenst på eit heilt nytt repertoar som skal bli til ein konsert på om lag 90 minutt. Alle songane er frå Oslo Sould Children og har livet frå fødsel til slutt som gjennomgangstema.
I tillegg til fleire gode solistar mellom kormedlemane, vil ei fullsett Sunnylvs-kyrkje få høyre også andre i solist og duettroller, Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim, Martine Tryggestad Forbord og Hans Kristian Stadheim. Alle som er med og syng er medlemar eller har vore med i koret tidlegare, seier Elisabeth Runde.
Musikarar frå nabobygda Stranda, Mass Peter Jelle på el.orgel, Peder Lundanes bass, Lars Egil Døving slagverk og Karina Sporsheim Jelle på akustisk gitar leverer dei musikalske tonane. Sigurd Drege styrer lyd og lysanlegget under konserten som skal bli ei flott oppleving, lovar korleiinga.
Om koret Joyful, leiarar og konserten i Sunnylven kyrkje kan ein lese meir om i Sommardagavisa som arrangøren sende ut i posten kring 1. juli.

Denne artikkelen var ikkje datosett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380