Rekordstort ”andeslepp” avslutta Sommardagane

-

Sommardagar på Hellesylt vart avslutta søndag med ”andesleppet” i Hellesyltfossen. Konkurransen i år vart rekordstort i antall selde plastfuglar, og fekk ein ung fyrstepremievinnar.

”Andesleppet” under Sommardagane fekk ekstra reklameomtale i media tidlegare i sommar. Lotteritilsynet stilte seg tvilande til om det var tilfeldig nok kven som vart vinnar i ein slik konkurranse. Men statsråd Trond Giske gjorde pinlege anmerkingar til skamme og gav grønt lys for ”sleppet”.
At dette er eit lotteri mange vil delta i viste salet av badeender på Hellesylt både laurdag og søndag. Heile 2050 lodd vart selde før alt var klart for det tradisjonelle haglskotet i lufta og samtlige gule plastfuglar vart tippa i elva frå den store traktorskuffa på Høge bru.
Ferda ned fossen gjekk fort i år då varme dagar har ført til stor snøsmelting og mykje vatn.

Fyrste and fram til oljelensa nedanfor Hellesylt bro var kjøpt av Jesper Aasen, Sjøholt. Det vart det mykje glede og stas av som mange i familien ville vere med å feire. Jesper si and nummer 496 gav 10.000,- kroner i premie. 5000,- kroner gjekk til Ingrid Korsbrekke Synne, og tredje premie på 3000,- kroner gjekk til Steinar Mundal. Arrangøren delte også ut sju premiar på 1000,- kroner og 10 ”trøstepremiar” der alle fekk t-skjorter med påtrykt logo av andesleppet.

Denne artikkelen var ikkje datosett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380