Lokalnytt

Showkamp Ole Ringdal a/s – Union Hotel a/s.

doc_301_11

Søndag brakar slaktarar og servitørar saman om best i fotball på Hellesylt stadion. Laget frå Union Hotel a/s i Geiranger vil ha revansj for
stortapet mot Ole Ringdal a/s i fjor.

Fotballkampane mellom dei to ”hjørneseinsbedriftene” på Hellesylt og i Geiranger har lang tradisjon bak seg, og med heiderlege sluttresultat til
begge lag. Men nokre gonger har turistvertane blitt sende heim som ”slakt”, som i fjor då det vart 7-4 tap. Kampropet til supportergjengen frå
Union Hotel, ”Vi skal slakte dei” slo ikkje til då, men kanskje går det på søndag. Då er det ny showkamp mellom dei to.

Siger med målfest
Det trur ikkje Ole A. Ringdal på, han har organisert for laget frå Hellesylt og er sikker på nok ein siger.
-Vi har ein stor spelarstall, både gamle rutinerte og nokre ungfolar. Lagkaptein blir Pekken med Leif Rune som sportsleg leiar. Fleire av
spelarane er i kjempeslag og vil bruke kampen søndag til å vise seg fram for å spele seg inn på Sunnylven sitt a-lag. Diverre manglar vi
toppkeeperen vår frå Polen, han er heime og gifter seg. Men vi har reservekeeperen til A-laget og fast målvakt på juniorlaget, Lars Jørgen i mål.
Det blir nok ein ny målfest og kanskje reprise frå i fjor,- trur Ole A. som sjølv er usikker til søndag grunna reise.

Stjernespekka lag.
Kenneth Løken er sportsleg leiar for Union-laget. –Vi vinn 6-5 og underteikna skorar eitt minutt på overtid på frispark,- seier han. Laget har
trena to dagar i veka på eit område ved Fjordsenteret, så dei er i knallform. Og Løken ramsar opp fleire ”stjerner” som vil løpe inn på Hellesylt
stadion kl. 16.00 på søndag. Torgeir Rusten, tidlegare Hødd-spelar, ein argentinar med mykje fotball i beina og ein estlandsk kokk som har spela
på heimlandet sitt ungdomslandslag. Sjølv har han spela på Bergsøy for nokre år tilbake.
Union Hotel sitt lag, som også vil ha minst ei jente i startoppstillinga, stiller i kvite Umbro drakter, innkjøpt av hotellet. Etter mange møter
mot Ole Ringdal a/s har Union vunne berre eitt oppgjør, har han blitt seg fortalt. Søndag kjem siger nummer to, trur sportsleg leiar Kenneth
Løken.
Dommar i kampen blir Steinar Hjelle.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380