Slakta av ”Slaktarane”

På tribuna var suportergjengen frå Union Hotel aller best. Men i showkampen på Hellesylt stadion sikra Ole Ringdal a/s seg nok ein siger over  servitørar og kokkar med 6-4 til slutt.

På tribuna var suportergjengen frå Union Hotel aller best. Men i showkampen på Hellesylt stadion sikra Ole Ringdal a/s seg nok ein siger over
servitørar og kokkar med 6-4 til slutt.

Tapet for gjestane betyr at det framleis blir den vanlege kjøttblandinga i produkta frå Ole Ringdal a/s. På stor plakat opphend på stadion lova
nemleg den ivrige heiagjengen frå Geiranger at ”I år skal vi lage pølser av restane”.

Lang andre omgang
Det gjekk ikkje, dei raude og blå var fullt oppegåande etter kampslutt sjølv om dei kvitkledde gjestane baud på tøffe duellar, men viste også
mykje flott fotball så lenge kreftene heldt. For i andre omgang røyna det på, og det måtte straffespark til for å skore på Lars Jørgen Hole i
O.R.–målet. Union leia 3-2 til pause, men i andre halvdel, der kampleiar Steinar Hjelle la til nesten ti minutt, susa det inn fire fulltreffarar
bak Martin Maråk. I tilleggsminutta kom to av måla til ”slaktarane”, det siste skora av einaste damespelar på bana, Ivrine Tryggestad.

Triveleg
Uthaling av tid frå Union-laget måtte føre til mykje tillegg, sa dommaren etter kampen.
Kanskje var ikkje sluttresultatet det viktigaste i dette oppgjøret. Spelarane på begge lag kjempa godt og fleire målsjansar og mykje flott
angrepsspel skapte stor stemning på ei godt befolka tribune. Ein triveleg søndag ettermiddag på Hellesylt stadion der både spelarar og
supporterar frå begge leirar viste fin og real sportsånd.

Hellesylt stadion 20 juli.
Ole Ringdal a/s – Union Hotel a/s 6-4 (2-3)
Mål Ole Ringdal a/s: Helge Tryggestad 3. Leif Rune Tryggestad 1. Ole Ringdal 1. (str.) Ivrine Beate Tryggestad 1.
Mål Union Hotel a/s: Torgeir Rusten 3. (1.str.) Jan Ivar Nydal 1.

Laga.
Ole Ringdal a/s: Lars Jørgen Hole, Eivind Louis Helset, Trond Tryggestad, Per Ove Frøysa, Vidar Even Leite, Tore Rusten, Leif Rune Tryggestad,
Olav Åge Åsen, Ole Arnstein Ringdal, Ivrine Beate Tryggestad, Helge Tryggestad.
Innbyttarar: Per Kjell Leite, Bård Forbord.
Union Hotel a/s: Martin Maråk, Kenneth Løken, Lutsiano (arg.) Jon Erlend Vinje, Roberto (Lit.) Joel (Sve.) Jan Ivar Nydal, Torgeir Rusten, Loic
(Fra.) S. Flydal, Frode Rørvik.
Innbyttarar: Nils Martin, Frank S., Luch, Jan Egil Vikestrand.
Dommar: Steinar Hjelle.
Assistentdommarar: Trygve Aaland Tryggestad, Kennet-Andre Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380