Lokalnytt

Stadionplanane godkjende

doc_317_11

I brev til Møre og Romsdal fylke, med kopi til Stranda kommune, Sunnylven Idrottslag og Norges Fotballforbund godkjenner kultur og
kyrkjedepartementet planane for ombygging av Hellesylt stadion.

Det var søkt om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning for kunstgrasbane og undervarmesystem basert på sjøvatn.
Departementet har vurdert planane for Hellesylt stadion og godkjenner desse utan merknader. To sett teikningar er returnert med departementet
sitt godkjenningsstempel.

Eigen søknad for undervarme
I brevet frå kultur og kyrkjedepartementet står det at det kan søkjast om tilskot til kunstgrasbana med lysanlegg på 1/3 av kostnadane inntil eit
maksimum tilskotsbeløp på kr.
2 500 000. I tillegg kan det på eigen søknad søkjast om tilskot til undervarmeanlegg på 1/3 av kostnadane inntil eit maksimalt tilskotsbeløp på
kr. 700 000.
Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning gjev ikkje garanti for tilskot-, heiter det til slutt i brevet frå kultur og kyrkjedepartementet.

Snart anleggsstart
Stranda kommunestyre vedtok på desembermøtet i fjor, og med klart fleirtal, å løyve 4.5 mill til arbeidet med opprusting av Hellesylt stadion,
men oppstarten har drege ut. Med denne bekreftande godkjenninga, burde det vere eit håp om å kome i gong med arbeidet i løpet av hausten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380