Strålande songoppleving

-

Ungdomskoret Joyful og andre unge lokale songkrefter imponerte med sin konsert i Sunnylven kyrkje fredag kveld. Saman med innleigde musikarar vart det ei strålande oppleving for 293 betalande.

Kyrkjekonserten var den 12. i rekka under Sommardagane. Arrangøren har hatt mange kjende artistar på plakaten opp gjennom åra, Hanne Krogh, Sigvart Dagsland, Gøran Fristorp og i fjor Maria Arredondo for å nemne nokre. I år vart det lokale aktørar og valet var vellukka. Konserten i år kjem høgt på topp 12 lista.
Ungdomskoret Joyful var det berande element i konserten, og forsterka med litt eldre ”gullstruper” vart det mange høgdepunkt der applausen sat laust gjennom den 90 minutt lange kveldsstunda. For mange vart konserten eit kjært minne med tekstar til ettertanke og vakre tonar.

Joyful med sine 22 medlemer har mange gode solistar, heile ni var på podiet i solo eller duettframføringar. Ingelin Storstein Hole, Linn Helene Brekke og Ingunn Runde har imponert ved fleire høve tidlegare og gjorde det på nytt. Også unge Jarl Vegard Røyrhus vart eit nytt flott bekjentskap for alle songglade.
Dirigent for koret er Kristin Storstein, men fredag var ho også solist i fleire av dei 22 songane. Eitt av høgdepunkta var Kari Bremnes sin ”Lite barn som kommer” som Kristin framførte saman med Oddbjørg Stadheim, som litt seinare gjorde ”Sometimes I feel” framifrå.

Også tidlegare kormedlemer var med å krydra ein strålande konsert og bekrefta at songrøysta var framleis god. Martine Forbord var god i ”God bless the child” og Hans Kristian Stadheim song saman med koret i ”Wonderful”. Elisabeth Runde batt konserten saman verbalt.
Musikarar var Mass Peter Jelle keyboard, Peder Lundanes bass, Lars Egil Døving slagverk og Karina Sporsheim Jelle akustisk gitar. Sigurd Drege styrde lyd/lys.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380