Lokalsport

Sunnylven klar for a-sluttspel

Sunnylven sitt G16-lag er klar for a-sluttspelet i Norway cup. Tysdag vart det siger over Stegaberg 3-1.
Sunnylven sitt gutelag kunne notere siger tre av tre moglege så langt i Norway cup tysdag. Den siste kampen i innleiade mot Stegaberg frå sør-
landet enda med nok ein siger 3-1.
Etter ti minutt gjekk raudetrøyene frå Hellesylt i leiing ved Hans Kristian Hjellbakk Hole. Seinare i omgangen fekk laget straffespark, og keeper
Eirik Stenberg var god også frå krittmerket og donka inn 2-0.
I andre omgang auka Daniel Nybø Støverstein til 3-0. Stegaberg fekk sitt trøstemål eitt minutt før full tid.

Flott innsats
Motstanden i kampen var nok den tøffaste for Sunnylven så langt, men både keeper Stenberg og dei andre på laget viste vinnarvilje, så sigeren var
aldrig truga.
Dei sportslege prestasjonane i turneringa til no er nok i overkant , men resultata viser at med trening, innsats og god lagleiing kan også små
klubbar hevde seg i verdens største fotballturnering.
Tysdag kveld venta samling for alle spelarar, leiarar og mange ivrige supporterar med tilknyting til Sunnylven på laget sitt «leirområde»,
Stenbråten skole. Opplegget var pizza og uhøgtidlege konkurransar
Sunnylven har walk over i fyrste kamp i a-sluttspelet. Onsdag møter laget Skjervøy kl. 18.30 på bane E17.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380