Sunnylven ute av Norway Cup

Norway Cup-eventyret for Sunnylven sitt G16-lag er over etter fyrste sluttspelkamp. Onsdagskveld tapte laget 4-0 for Skjervøy frå Lofoten
Sunnylven opna kampen best på Ekebergsletta, og hadde eit vist press mot laget frå Lofoten. Men, gutane lukkast ikkje i å få ballen i mål.
Istadenfor at Sunnylven burde leia både 1- 0 og 2-0 til pause, var det Skjervøy som scora i siste minutt av omgangen. Ein kalddusj for
sigersvande raudtrøyer frå Hellesylt.
Betre vart det ikkje i andre omgang då Skjervøy gjorde 2-0 direkte etter avspark. Eit lag i medgang fekk sjølvtillit, og 5 minutt seinare stod
det 3-0. Etter dette gav Sunnylven meir eller mindre opp. Like før slutt fastsette Skjervøy sluttresultatet til 4-0.
Skjervøy var nok det beste laget i kampen sjølv om sigeren var i største laget. Eit ubesluttsomt forsvar må ta skulda for det. Eirik Stenberg i
mål kunne lite gjere med nokon av måla.
Sjølv om Norway Cup-eventyret er over for denne gong, har laget vist mykje fint spel og fin framferd.

Skjervøy – Sunnylven 4–0 (1-0)
Sunnylven sitt lag: Eirik Stenberg, Sondre Nybø Støverstein, Asbjørn Kvam Karbø, Daniel Nybø Støverstein, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Olav
Erling Aaland, Øyvind Hole og Henning Frøysa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380