Tok alle poenga mot Stranda

-

Sommarfesten for heimefansen heldt fram på Hellesylt stadion då Sunnylven banka Stranda i fotball 4. divisjon. 3-1 til heimelaget stod det då domars Bjarte Steinsbu, Brattvåg bles av etter fem minutt tilleggstid. Alle måla kom i andre omgang.

Stranda kom best i gong i dette nabooppgjøret. Berre eit dyktig heimeforsvar og ein god keeper Daniel Berbecki hindra mål for gjestane dei fyrste minutta. Men det er lov å ha ein god keeper, og i fotball kan det meste skje.
Det skjedde lite i resten av fyrste omgang, og laga tok pause på 0-0.
I andre halvdel starta heimelaget best og kom høgare på bana. Fleire halvsjansar bar bod om at heimepoeng var innan rekkevidde. Og ikkje meir enn tre minutt gjekk før Thomas Hove i Stranda-buret måtte hente fyrste frå nettmaskene. Siste raudkledde med spark på ballen var Alf Ole Sundgot som saman med 590 betalande såg ballen trille i stolprota og i mål. Det utløyste enorme jubelscener på stadion.
Berre fem minutt seinare vart det balanse i rekneskapen då Ronnie Furset donka inn eit lurt frisparktrekk. Då var det Stranda sine supporterar som gav best lyd frå seg.

Straffespark
14. minutt ut i kampen bles dagens gode dommar, Bjarte Steinsbu, Brattvåg for straffespark for heimelaget etter at Alf Ole Sundgot vart skubba over ende i straffefeltet. Bård Forbord var som vanleg sikker frå straffemerket og heimelaget var på nytt i føringa.
Stranda pressa for utlikning, det meste foregjekk på Sunnylven sin banedel, men lagkaptein Jørgen Helset og lagkameratar rydda unna. I målet var Daniel Berbecki sikker og god.
Fem minutt ut i tilleggstid var det klart for 3-1 og ny heimeskoring. Hans Kristian fekk ballen ute på venstre kant, rundar av to motspelarar og la inn til Alf Ole som spelar vidare til Kim Sture Flo. Han fyrer av ein markkrypar frå 20 meter som susar i mål.
Dermed nytt tap for Stranda på Hellesylt stadion, ei bane laget har lukkast lite på dei siste åra.
Dommar Steinsbu delte ut tre gule kort til kvart av laga.

Sunnylven sitt lag: Daniel Jerzy Berbecki, Kim Sture Flo, Tor Odd Kjellstadli, Jørgen Helset, Vidar Even Leite, Daniel Nybø Støverstein, Jan Ove Aslaksen, Bård Forbord, Olav Åge Åsen, Hans Kristian Stadheim, Alf Ole Sundgot.
Innbyttarar: Helge Tryggestad, Kjell Olav Hauge.

Denne artikkelen var ikkje datosett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380