Vil ta vare på bedehuset

Bedehuset på Hellesylt, det eldste på Sunnmøre og bygd i 1892 står til forfall. Anne Jorunn Sæten og Hildegunn Vollset er mellom fleire som ynskjer å slå eit slag for å bevare huset.
Under Sommardagane i fjor vart dørene inn til det gamle bedehuset på Hellesylt opna. Ei kunsturtstilling, musikalske innslag og foredrag samla fullt hus.
I år var Anne Jorunn Sæten tilbake med utstilling, og Hildegunn Vollset snakka til ei stor forsamling om ”kvinner sin innsats” både heime og ute.
Begge ynskjer å skape litt interesse for huset slik at støtteforeninga for bedehuset kan få inn middlar og få utført naudsynt vedlikehaldsarbeid.
Viktig hus for heilheita
-Huset står til forfall, det er spesielt taket som må fiksast på. Vi håper stiftelsen Bedehusets Venner får både mange medlemer og friske pengar slik at arbeidet kan utførast. Bedehuset er det eldste på Sunnmøre og har sin plass i Gatå på Hellesylt. Om det skulle forfalle heilt og måtte rivast ville det vere synd for heilheita i det gamle gatemiljøet, seier dei to.
Dei er klar over at standaren neppe bli så god at det blir snakk om tilstellingar med servering, men ser for seg eit bedehuslokale i den gamle stilen som kan brukast til utstillingar, konsertar og anna åndeleg føde, men med litt lausare ”husreglar” enn den tida då det var forbode å flire der.
Utstilling og kåseri
Under Sommardagar på Hellesylt i år hadde Anne Jorunn Sæten ei fotoutstilling med motiv frå fleire bedehusmiljø i Hordaland, trykt på tekstil. Utstillinga var den same som er blitt vist i gamle Bergen, Bryggens Museum, og som ho har kalla ”Bedehusbilder”.
Fleire var innom bedehuset laurdag og såg utstillinga, og høyrde Hildegunn Vollset kåsere.
Medlemskap i støtteforeninga for Bedehuset kostar kr. 100.-, og styret består av Jens Vik, Arnfinn Tryggestad, Svein Runde, Anne Jorunn Sæten og Hildegunn Vollset.