Lokalnytt

Flaug frå Helsetkopen

Dei landa trygt frå Helsetkopen, frå vensre Thomas Skjorestad, Kjetil Weidemann, Frode Johansen og Even Flo.
Dei landa trygt frå Helsetkopen, frå vensre Thomas Skjorestad, Kjetil Weidemann, Frode Johansen og Even Flo.

Det hagla med superlativ etter at dei fire ”himmelflygarane” hadde landa på flatene ved Helsetvatnet. Bak kneisa Helsetkopen med sine 1246 meter og får karakteren heilt topp.

Det var seint fredag kveld at fire friskusar i vingedrakter kasta seg ut for det stupbratte fjellet midt i Sunnylvsbygda. Presis klokka 19.20 starta flygeturen frå toppen, og nokre sekund seinare landa dei trygt på flatene ved Helsetvatnet, 1100 meter lavare.
Frå basen i Stryn hadde dei teke turen til Hellesylt for å hoppe frå Kopen. Even Flo, Stryn har hoppa der før, men for dei tre andre, Thomas Skjorestad, Stavanger, Kjetil Weidemann, Bergen og Frode Johansen, Voss var det fyrste gong.

Eitt minutt
Det hagla med positive kommentar over Helsetkopen, den trauste fjellknausen som fastbuande ser på som bratt og litt fårleg. Heilt topp, sa Johansen, sinsykt moro, sa Skjorestad og får støtte frå Weidemann. Berre så synd at flygeturen ikkje varte lenger enn eitt minutt. Turen opp tok to timar frå Hole opp Liadalen, men det var heller ikkje så gale. –Vi går ofte lenger,- sa dei.

Europas tryggaste
-Dagen etter er det reprise, same tur opp og nytt hopp,- sa Frode Johansen. Han trudde fjella på Voss var noko unikt, men det han har opplevd i Sunnylvsbygda overgjekk alt.
Even Flo kunne fortelje at Helsetkopen var rekna som Europas tryggaste fjell å hoppe frå. Her var eit høgt og godt overheng med oppdrift, og det gjekk 13 sekund før stein som ein kasta ut landa i kopa.
Flygeturen frå Helsetkopen utløyste sterke superlativ frå alle fire. -Ei ugløymeleg oppleving, å stå på kanten av fjellet og kjenne suget frå avgrunnen under, sinsykt og heilt topp.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380