Ny målfest for Sunnylven

doc_321_11

På Ekebergsletta i tropisk sommarvarme spelar Sunnylven sitt G16-lag flott fotball. Måndag fekk Ullern stryk 8-0.

Olav Erling starta målfesten og Daniel fylgde opp. Til pause leia Sunnylven 4-0. I andre omgang kom også Henning på skoringslista med to mål, og Daniel dunka inn to til. Frustrerte motstandarar gav meir eller mindre opp mot den raude hær frå Hellesylt. Sunnylven feirar sigeren med tippeligakamp Vålerenga – Tromsø seinare i kveld.

Siste kampen i gruppespelet for G16-laget er i morgon kl 09.00 mot Stegaberg.

Ullern – Sunnylven 0-8 (0-4)
Mål : Olav Erling Aaland 3, Daniel Nybø Støverstein 3, Henning Frøysa 2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380