
På Hellesylt er opplysningstavla for Verdsarvområdet på plass ved Hellesylt bro. Skilta som har opplysningar om Verdsarvområdet, er tinga og kosta av leiinga i organisasjonen.
-Dette er millimeterarbeid,- seier dei to som stod for monteringa, Stein Ove Tangen og Jørn Kjersheim. Begge er tilsett i Moldefirmaet Arkeo Plan som har utarbeidd og produsert informasjonsskilta. Hellesylt er innfallsporten til Verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland og har fått dei flotte opplysningstavlene på plass. Dei er laga i glas, montert på metallrør og med opplysningar om dei mange turrutene i området, om Verdsarvområdet, og om Fjord 1 og ferjeruter mellom Hellesylt – Geiranger. Sokkelen tavlene står på er ordna av ein lokal maskinentrepenør av solide steinheller av ekte granitt.
Turruter
Sjølv om tavlene er i glas, er dei svært sterke for ytre påkjenningar som ver og vind, seier Tangen og Kjersheim. Dei fortel at i Geiranger er det montert opp liknande informasjonstavler, og i Norddal kom den på plass i fjor. Snart står også Valldal for tur. Arkeo Plan har liknande oppdrag for Verdsarvområdet i Nærøyfjorden.
Moldefirmaet har også levert turpostkasser og skilt til merking av ræser for fotturar som ligg innafor Verdsarvområdet. Oppsetjing av desse blir gjort av personar frå idrettslaget.