Røverdrama på Hellesylt

I vegen opp til Kirkebakken vart røvarane fanga av politiet.

I vegen opp til Kirkebakken vart røvarane fanga av politiet.

Det var røverdrama på Hellesylt måndag. ”Kasper” og ”Jesper” frå Litauen hadde barberblad som samleobjekt då dei plukka frå butikkhyllene ved Spar Ringdal & co.

Etter ein tur i blåbærskogen for den eine og ein kjapp biltur til Hornindal og tilbake for den andre i sin grøne campingbilen, hamna begge i politiets handjarn etter kvart. Tjuvgodset, Gillette barberblad og høvlar for 6.500,- kroner er ikkje kome til rette.
Svein Sporstøl ved Sparbutikken på Hellesylt oppdaga tjuveriet som foregjekk i butikken midt på dag måndag. Han overraska dei to, og dermed stakk den eine til skogs og den andre rasa av stad i bil mot Hornindal. Sporstøl la seg på hjul, men mista kontakt med bilen i Hornindal. Politi i Stryn og Norddal og Stranda lensmanndistrikt vart varsla.

Må bere tapet sjølv
Etter ei tid var den grøne campingbilen tilbake på Hellesylt, for å hente kompisen som tok skogturen. Returen enda i politiets klør med handjarn, og snart dukka også den andre opp. Dermed kunne dei halde kvarandre med selskap til arresten i Ålesund.
Pågripinga skjedde utan dramatikk, og begge vart fråtekne pass og sertifikat. Truleg må dei forlate landet når avhøyr er gjort.
-Eg var forbanna, kunne kjørt etter dei til Oslo om nødvendig. Heldigvis vart dei tekne, men tjuvgodset ser eg nok ikkje igjen. Tapet på 6.500,- kroner må eg bere sjølv,- sa Svein Sporstøl. Sjølv om det ikkje er dagleg, har han opplevd nasking i butikkhyllene før. Likevel var hendinga måndag det mest dramatiske røverdrama han har vore med på til no.

SISTE:
Også ”Jonathan” var med

Dei var tre, butikkrøvarane på Hellesylt. Som vi har meldt tidlegare stakk ein til skogs, den andre rasa til Hornindal og tilbake med bil, saman med ein tredje kar. Det var vel ”Jonathan”.
Fyrst vart dei to køyrde til arrest i Ålesund, og då politiet kom til Hellesylt seint måndag kveld for å henta den grøne campingbilen, var også den tredje røvaren komen frå blåbærskogen ved Hellesylt og fekk gratis skyss til Ålesund.
Her enda vår historie om ”Kasper”, ”Jesper” og ”Jonathan”.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380