Rydda turråsa på Fedalen

Råsa på Fedalen er godt rydda. I bakgrunnen Vollset.

Råsa på Fedalen er godt rydda. I bakgrunnen Vollset.

Fedalen, setredal for Brekke og gardar på Vollset har 5 poengs trimpost. Ein flott tur etter nyrydda rås.

Som mange andre stader heldt råsa til Fedalen på å vekse til med lauvskog. Det ville Ole Jonny Brekke og Reidar Brekke gjere noko med. –Vi tok med motorsaga i juli og jobba oss oppover. To, tre dagar tok det å få vekk det meste som vaks i råsa, og i tillegg rydda vi nokre plassar med utsyn til Vollset og nedetter bygda,- fortel Ole Jonny.
Stølstuftene i Fedalen ligg på kring 700 meter. I enden av dalen, der det beiter mykje sau, ligg eit godt fiskevatn der ein kan få aure på knappe kiloen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380