Siste fiskedag

Robert Valderhaug t.h. og Jonny Valderhaug avslutta fisket i Steimshølen der dei hadde fått fleire fine laksar.

Robert Valderhaug t.h. og Jonny Valderhaug avslutta fisket i Steimshølen der dei hadde fått fleire fine laksar.

Søndag 31. august var siste dag for laksefiske i elvane i år. I Korsbrekkeelva har fisket vore svært godt denne sesongen.

Robert Valderhaug og Jonny Valderhaug var to av fiskarane som hadde sin siste fiskedag i Korsbekkeelva søndag. -Det er heilage dagar dette for oss,- sa Jonny som saman med broren leiger om lag ei vekes fiske i den kjende lakseelva. Og begge er nøgde med fangsten av blankfisk. Spesielt dagen før var ein god fiskedag med største på vel 9. kilo.
Å kome frå Valderøy til Hellesylt for å fiske skulle vere unødvendig, tykte vi. Nei, det var ikkje så rart, meinte Robert. -På Valderøy har vi ikkje lakseelv, og torskefisket starter ikkje før seinare.-

Fiskedilla
Då vi møtte dei to ved Steimshølen, pakka dei saman fiskeutstyret for i år, ”jakta” på laks i Korsbrekkeelva var slutt. Litt trist, men også litt godt, for også av denne lidenskapen kan ein bli lei, sa Jonny.
Men, har ein fiskedilla, ventar det alltid nye mulegheiter. Før mørkret seig på måtte Jonny Valderhaug rekke til Urke for å setje ei kveiteline. Og meir var i vente. Snart starta hummerfisket, og like over nyttår var det torskefiske.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380