Stranda sitt damelag klatra

doc_328_11

Stranda sitt damelag i 3. div. spelar god fotball, men slit med å skore mål og vinne kampar. Laurdag klatra spelarar og leiarar i Cinclus Park si aktivitetsløype i Åsen. Kanskje blir det klatring også på tabellen etter luftige opplevingar.

Som program i sosialtur for Stranda sitt damelag var 12 spelarar og nokre leiarar innom aktivitetsløypa til Cinclus Park og prøvde seg på balansekunsten i høge element. Oppmann Frode Verpeide fortel at alle spelarar og trenar Hildrun Søholdt tok utfordringa, også å rappelere ned den høge fjellveggen i tau.
Det var artig og alt gjekk utan uhell, fortel han. Cinclus Park stilte med tre instruktørar som passa på at sikringsutstyret vart montert.

Til Stryn
Frå Åsen gjekk sosialturen for strandadamene vidare til Stryn der alle skulle overnatte til dagen etter. Oppe ved Strynevatnet var det kajakturar, bading, vollyball, og seinare laurdag kveld stod grilling på programmet. Frode Verpeide fortel at sosialturen også var avslutning for nokre spelarar som sluttar på laget i haust.
Kanskje var turen god oppladning til neste heimekamp fyrstkomande onsdag. Med siger mot Fortuna 2/Guard blir det klatring også på tabellen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380