Til topps på Steimsnibba

doc_330_4 doc_330_5

Midt i Sunnylven kneisar Steimsnibba 1285 meter høg, eit mykje nytta turmål for unge og eldre. Utsikta frå toppen er unik, og om nokon treng kvile til neste dag, er det berre å ta inn i ei stor og rømeleg steinbu.

Det var sol og rett så fint turver ein søndag i slutten av august. Pulsen steig fort til raske taktslag etter som vi la bak oss stigninga til Torskedalssætra. Her står velstelte sæterhus som har møtt den nye tid med mellom anna solsellepanel. Ja, kvifor ikkje i tider der energikrise er dommedagsprofeti i dei fleste diskusjonar.
Vel ein times gange med sveitte drypande frå panna, kom vi til trimposten i Skaret. Gleda over 8 nye poeng på trimskjema vart motivasjon til å ta fatt på nye, bratte oppstigingar mot Steimsnibba. ”Bytesteinen” mellom bygd og dal i Sunnylven lokka nemleg med heile 15 trim-poeng.
Storfelt utsikt til Hellesylt sentrum og Sunnylvsfjorden er del av opplevinga. I vest reiser Kvitegga seg mellom fleire høge fjell, og i sør kan ein sjå Hornindalsvatnet i Nordfjord.

Bestått
Vi rastar, smakar på nista og turflaska før tunge turbein igjen snublar vidare etter turstien. Framfor oss kneisar toppen, den 1285 meter høge, steinute og litt grønkledde kollen som har hatt besøk av utruleg mange opp gjennom åra.
Enkelte stader er det brattare enn kjellartrappa heime, men inn i mellom også flate parti. Siste bratta opp blir det litt klyving der både armar og bein ber oss opp og fram.
Vi kom på toppen saman med 15 andre, og fleire var på veg. Den personlege test på fysisk tilstand var bestått.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380