Verdsarvråser blir merka

doc_336_11

I Sunnylven er arbeidet med å merke turstiar med Verdsarvskilt kome i gang. Laurdag var fleire sprekingar over Steimsnibba med trimkasse og namneskilt.

Det er friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL som i hovedsak skal stå for arbeidet med å få på plass dei nye skilta som no er komne. Per Svein Hole, styremedlem i gruppa hadde organisert berehjelp til toppturen laurdag.

-Vi hadde med namneskilt som skal vise retninga frå Steimsnibba mot Haugedalssætra, og skilt som skal oppsetjast på sætra for retning til Haugedalsvatnet og Hauge. I tillegg bar vi med ei trimkasse i metall, solide saker med pakningar på lokket, som skal få si plassering på Steimsnibba. Alt skal forankrast i stein eller fjell på metallstaurar, så for å få det til må vi opp med fjellboremaskin.-

På turen ned igjen til Hauge hadde dei også mura opp små vardar og merka med raud måling der det er anbefalt best å gå, fortalde Per Svein Hole som hadde med Olav Åge Åsen, Vidar Even Leite, Trygve Opsvik og Ivar Håland som hjelparar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380