22. januar 2026

Aktivt Bygdekvinnelag

Mange fjell i Sunnylven er for høge, dei stengjer for sola, synest redaktøren av Bygdekvinnelaget sitt medlemsblad.
Mange fjell i Sunnylven er for høge, dei stengjer for sola, synest redaktøren av Bygdekvinnelaget sitt medlemsblad.

Sunnylven Bygdekvinnelag har sitt eige medlemsblad. Nyleg kom det ut eit nytt nummer der det blir fortalt om aktivitetar som har vore, og som vil kome.

Barbro Lade er redaktør av medlemsbladet over to A-4 sider, og innleiingsvis er ho oppteken av sola: -Sola har for lengst starta på sin veg tilbake mot vest. Eg synest alltid at ho går mykje fortare attende, enn det tek å kome til ”max”. ”Max” er forresten der eg kvart år vurderer sterkt å ta med hammar og meisel opp på fjellet for å gjere noko for at ho skal gå ned endå litt seinare…-
Redaktøren slår fast at det var ein utruleg flott sommar, og det same har hausten vore så langt.

Spanande halvårsplan
På halvårsplanen til Bygdekvinnelaget står mykje spanande.
29. september er det hausttakkefest i Sunnylven kyrkje, og laget er engasjert mellom anna med pynting.
23. oktober held laget årsmøte på Sunnylvsbygda grendahus.
21. november inviterer laget til julebord på Tronstad grendahus.
Desember står ingen arrangement på planen, då er det juleførebuingar hos kvar og ein.

Engelsk-kurs
Bygdekvinnelaget vil starte opp kurs i engelsk. Kvardags-engelsk kallar dei kurset som dei håpar skal kome i gong og gå ut over vinteren. Bygda er på trappene til å bli ein stor ”turistmagnet” og behovet for engelskkunnskapar er veksande, meinar Bygdekvinnelaget.

Siste i god møteserie
Møteserien Bygdemobilisering blir avslutta på Hægstad Gård 4. oktober med mellom anna grilling av kje-kjøt. Bygdekvinnelaget er førespurt om å stille på og hjelpe litt, noko dei har sagt ja til.

Grautsalet
Grautsalet under Sommardagar på Hellesylt gav 21.600,- kroner i lagskassa, eller om lag som i fjor. -Det seier vi oss vel nøgde med,- står det å lese i medlemsbladet for Sunnylven Bygdekvinnelag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →