15. februar 2026

Fleire besøkte laurdagskafèen

Anita Nordang forsyner seg frå eit flott og variert kakebord. Til v. Ester Kjellstadli Langleite.
Anita Nordang forsyner seg frå eit flott og variert kakebord. Til v. Ester Kjellstadli Langleite.

Mange var innom Sunnylven sanitetslag sin laurdagskafè på samfunnshuset, ein sosial treffstad over ein kopp kaffi med noko attåt.

Det var ikkje lange køer framfor kakebordet til Sunnylven sanitetslag laurdag. Ein strålande haustdag var nok årsak til at mange hadde gjeremål ute, jakt, innhausting av dyr eller avling, eller folk var ute på tur.
Arrangøren sa seg likevel nøgd med oppslutninga, og alle som var innom kunne kjøpe lodd på tombolagevinstar, eller velge mellom fleire gode kaker eller karbonadesmørbrød til kaffien. Pølse med brød , saft og brus gjekk også unna, spesielt til dei yngste besøkande.
Over nyttår blir det ny laurdagskafè med Sunnylven sanitetslag.

doc_369_13

På laurdagskafè: Anne Jorunn Hauge t.v., Britt Hauge og Anne Marie Ljøen.
På laurdagskafè: Anne Jorunn Hauge t.v., Britt Hauge og Anne Marie Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →