Lokalnytt

Heim frå Oaldsbygda

Heimreisa gjekk fyrst med ferje, så dyretransportbil frå Hellesylt kai for sauene frå Oaldsbygda.
Heimreisa gjekk fyrst med ferje, så dyretransportbil frå Hellesylt kai for sauene frå Oaldsbygda.

Torsdag kveld kom fyrste båtlast med sau og lam frå sommarbeite i Oaldsbygda. Knappe 300 av 420 slepte dyr var om bord i ferja ”Vestveg to”.

To bønder på Tryggestad har i mange år leigd sommarbeite for sauene sine i Oaldsbygda. Til den fråflytta bygda ved Sunnylvsfjorden blir dyra frakta med bil og båt begge vegar.
Eit ti-talls personar var med på hovedsankinga fyrste veka i september. Etter to dagar vart knappe 300 dyr resultatet, så ”jakta” på fårikål-og pinnekjøtemne til jul vil halde fram.
Mange fine lam kom heim til kai på Hellesylt torsdag der fleire skodelystne tok i mot.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380