Lokalnytt

Kulturkveld

Tysdag 23. september serverer elevar frå matlinja ved Stranda vidaregåande skule smaksprøver på tradisjonsmat etter 100 år gamle oppskrifter. Verdsarvskulen har henta det meste av råstoffet frå Verdsarvområdet.

Det er Bygdetunets Venner i samarbeid med Stranda v.s. som inviterer til kulturkveld på Tronstad grendahus. Hovedposten blir smaksprøver på gamal tradisjonsmat, men også servering av kaffi og svele, og utlodning.
Per Johan Alnes er lærar ved skulen og koordinator for det spesielle prosjektet med matoppskrifter frå indre fjordstrøk.
-Å lage matrettane heilt slik det vart gjort i gamal tid, greier vi nok ikkje, men vi føl gamle oppskrifter. Det blir smaksprøver på mykje blodmat, blodpannekaker og blodpølse, spekemat, og fjordapølse. Den er nok ikkje råd å lage identisk med det råsstoff som vart brukt for 100 år sidan. Då vart det brukt mykje innmat, og det ville stille strenge krav frå næringsmiddeltilsynet i dag. Det blir også fleire sortar fiskeprodukt å smake på, fortel Per Alnes.
Seks av elevane ved matlinja blir med til Tronstad for å presentere både rettane og ein del utstyr som dei nytta i tillaging.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380