7. februar 2026

Matkveld med v.g. 2. på Tronstad

Oddhild Stadheim og Erling Hole framfor eit stort bord av hermetisert og sylta frukt.
Oddhild Stadheim og Erling Hole framfor eit stort bord av hermetisert og sylta frukt.

Rundt 50 personar møtte på Tronstad grendahus for å sjå og smake på det elevar frå matfaglinja ved Stranda vidaregåande skule hadde laga etter 100 år gamle oppskrifter. For arrangøren Bygdetunets Venner vart kvelden ein suksess.

-Vi har juksa litt og skrive om på historia,- sa lærar Per Alnes då han innleiingsvis orienterte om prosjektoppgåva som matfag ved Stranda vidaregåande skule hadde fått av Bygdetunets Venner. Å lage mat slik det vart gjort for 100 år sidan.
-Det er ikkje eit Loen-koldtbord elevane ved matfag Stranda vidaregåande skule kjem med, sa Alnes.

Maten smaka
Om ikkje det var like bugnande, vart det kan hende vel så spandande for mange å smake dei lite kjende matrettane. Her var brødvarer av surdeig, sylta frukt og grønnsaker, blodmat i fleire variantar, fjordamør av svinekjøt, tørka fisk, sild og makrell og spekemat.
Fem elevar frå matfaglinja v.g.2, Rikke Hole, Sykkylven, Kjersti Todal, Aukra, Mathias Krøvel, Ikornnes, Susanne Oterhals, Sykkylven og Cecilie Arntsen, Sykkylven presenterte produkta saman med lærar Per Alnes. Køa vart etter kvart lang rundt borda av folk som ville smake.
Karl Johan Øie er leiar for Bygdetunets Venner, og han var veldig godt fornøgd med arrangementet. -Verdsarvskulen tok utforinga med ein gong og har løyst den framifrå bra. Maten var både god og variert,- meinte Øie.

Mathias Krøvel, Ikornnes, Kjersti Todal, Aukra og Rikke Hole, Sykkylven med mykje god bakst, også av surdeig.
Mathias Krøvel, Ikornnes, Kjersti Todal, Aukra og Rikke Hole, Sykkylven med mykje god bakst, også av surdeig.
Susanne Oterhals, Sykkylven t.v. og Cecilie Arntsen, Sykkylven "stappar" fjordamør.
Susanne Oterhals, Sykkylven t.v. og Cecilie Arntsen, Sykkylven «stappar» fjordamør.
Eit bugnande fat med god spekemat.
Eit bugnande fat med god spekemat.
Det var stort frammøte på Bygdetunets Venner sin kulturkveld, og alle ville smake på matrettane etter gamle oppskrifter.
Det var stort frammøte på Bygdetunets Venner sin kulturkveld, og alle ville smake på matrettane etter gamle oppskrifter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →