17. desember 2025

Mot slutten av eit trimår

3-poengs posten i Åse-skogen er av dei best besøkte med rundt 360 registreringar så langt.
3-poengs posten i Åse-skogen er av dei best besøkte med rundt 360 registreringar så langt.

Det gode veret held fram, men trimsesongen for poengsankarar i fjellsko går mot slutten i Sunnylven IL. I løpet av oktober blir poengbøkene skifta på alle trimpostar.

Friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL har 23 postar ute, frå 3 poeng til 15 poeng på 1285 meter høge Steimsnibba. Mykje tyder på eit godt trimår, aller best besøkt er 3 poengs postar i nærområdet. Åsen/Hellebostad har rundt 360 registrerte så langt.
I løpet av oktober blir alle poengbøker henta inn og skifta med nye for å starte på eit nytt trimår. Dei som fører eigne trimskjema kan levere desse frå rundt 20. oktober i eiga trimkasse på Hellesylt og bli med i trekning om fleire gåvekort på årsfesten i friidrett/trimgruppa. Meir informasjon om dette seinare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →