17. desember 2025

Oppstart på Ljøvegen neste år

Like forbi Ungdomsherberget kjem innslaget på den nye tunnelen på Ljøvegen.
Like forbi Ungdomsherberget kjem innslaget på den nye tunnelen på Ljøvegen.

Nyleg runda riksveg 60, Ljøvegen 46 år etter opning, ein veg som i 1962 var eit stort framskritt innan samferdsel. Men sjølv med tre lange tunnelar vart ikkje vegen rastrygg. Neste år startar rassikring med nye tunnelar.

Riksveg 60, Ljøvegen er einaste store vegprosjekt i Møre og Romsdal som blir starta opp i 2009. Det seier ordførar i Stranda og leiar for samferdselskomiteen i fylket, Frank Sve. Alle planar vart godkjent i fylket i juni i år og er oversendt vegdirektoratet. Sve forventa at løyvingane til fyrste byggesteg på 138 mill. kroner kjem på plass i statsbudsjettet 7. oktober. Heile vegstrekningen frå Hellesylt til Herdal er kostnadsrekna til 600 mill. 08-kroner og vil ta seks år å bygge. Fyrste byggesteg er tunnel frå Ungdomsherberget til Strekanetunnelen.
Andre byggsteg til Ljøen er viktigast, meinar ordføraren. Han trur det kan stå ferdig til 2012, 50 år etter at Ljøvegen vart opna.
-Sjølve prosjektet er i vater, og vil vere ein milepel for både næringslivet og andre reisande,- seier ordførar Frank Sve.

Grunnen under dagens Ljøveg syner svikt fleire stader.
Grunnen under dagens Ljøveg syner svikt fleire stader.
doc_372_14
Støypekant på Ljøen som er i ferd med å velte ut.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →