Lokalnytt

Ropa på kronhjorten og skaut

Tore Rusten ropa på kronhjorten som stoppa. Det kosta bukken livet.
Tore Rusten ropa på kronhjorten som stoppa. Det kosta bukken livet.

Tore Rusten trudde nesten ikkje det han såg då han kikra etter hjort midt på dag søndag. På innmark nokre hundre meter frå han gjekk ein stor kronhjort og beita.

Tore var sjølvsagt ikkje sein om å hente børsa. Og det vart nærmast ”katt og mus”-leiken mellom han og det staselege, gevirpryda dyret i solskinet i Kroken.
-Eg kom ganske nære og var på godt skothald, men då oppdaga han meg og sette av garde til skogs. Eg ropa på han, og etter ei stund stoppa han og såg seg tilbake. Tilfeldig vis var der ope lende og hjorten stod med sida til, så då skaut eg,-
Der enda 13-taggaren sine dagar for eit velretta skot.
Ei sjeldan og spesiell hjortejakt tykte Tore Rusten som såg 17 andre dyr i kikerten i valdet Nedre Sunnylvsbygda der han jaktar. Kronhjorten på rundt 130 kilo var tredje felte dyret så langt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380