Såg på utbetringar langs Postveien

Med opå synfaring, frå v: Inge Hole, Katrin Blomvik, Rolf Arne Ljøen, Silje Reisz, Jens Petter Ringstad, Siv Aksdal, Inge Bjørdal, Magne Brekke, Bente Bonsaksen, Reidar Brekke.

Med opå synfaring, frå v: Inge Hole, Katrin Blomvik, Rolf Arne Ljøen, Silje Reisz, Jens Petter Ringstad, Siv Aksdal, Inge Bjørdal, Magne Brekke, Bente Bonsaksen, Reidar Brekke.

Utbetring av Den Trondhjemske Postvei frå Ljøkaia og oppover skal halde fram. Denne veka var folk frå fylke, Verdsarvorganisasjonen og Stranda kommune på synfaring saman med grunneigarar og medlemer i Hellesylt Næringslag.

Etter at Hellesylt Næringslag tok fatt i saka tidlegare i år, vart Postveien frå skulehuset på Ljøen og langt nedover rydda for skog. Fleire stader var det så tett at utsynet til fjorden og fjella var borte. Også gamle steinmurar heldt på å rase ut grunna røter frå tre som sprengde på. Laget hadde fått til saman 300.000 kroner til arbeidet som vart gjort i nært samarbeid med Verdsarvorganisasjonen og kulturavdelinga på fylket.

Fleire tiltak
Tysdag denne veka var det halde synfaring frå Øvre Ljøen til Ljøkaia etter Den Trondhjemske Postvei. Med på synfaringa var fylkeskonservator Jens Petter Ringstad, Siv Aksdal, kulturavdelinga, Silje Reisz, miljøvernavdelinga, Katrin Blomvik, dagleg leiar Verdsarvadministrasjonen, Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda, grunneigarar, og folk frå Hellesylt Næringslag. Dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole orienterte under synfaringa der det vart sett på tiltak som meir skogrydding, og utbetring av både vegen og særprega bygningar i området, mellom anna gjenreising av eit naust nede ved sjøen.

Kaia treng fornying
Mykje vedlikehald er utført, men ein god del står igjen. Fylkeskonservator Ringstad gav uttrykk for at det burde takast snart før det oppstod større skade. Spesielt tykte han det hasta med å utbetre kaia ved sjøen som hald på å rase saman. Her har stein i muren glidd ut og betongen på toppen sprekk og smuldrar bort. Søknad om middlar til finansiering kunne sendast både til Vegvesenet, riksantikvaren, og ein kunne søkje om Verdsarvmiddlar då kaia ligg i Verdsarvområde. Arbeidet kan ikkje utsetjast serleg lenge, for då kan det gå heilt gale, sa Ringstad.

Verdsarvplakett
Ljøen er del av Verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. På Ljøkaia eller i nærområdet skal det setjast opp ein plakett som syner dette. Stad for plassering vart også sett på under synfaringa.
Tidspunkt for oppsetjing av tavla er ikkje bestemt, men når det skjer skal det markerast med eit arrangement, sa dagleg leiar i organisasjonen, Katrin Blomvik.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380