Sommardagane ”opp til eksamen”

SUKSESS: Maria og Inger, to unge songfuglar gjorde stor lukke med "Bestevenna" frå utescena.
SUKSESS: Maria og Inger, to unge songfuglar gjorde stor lukke med «Bestevenna» frå utescena.

Måndag 8. september skal Sommardagar på Hellesylt 2008 få sin karakter på oppsumeringsmøte. Arrangementsansvarleg Magne Brekke håper møtet vil belyse både gode og mindre bra sider ved årets superhelg på Hellesylt, til nytte for seinare arrangement.

Møtet blir halde kl. 19.30 i kantina ved Ole Ringdal a/s og er ope for alle, seier Magne Brekke. Han håper at mange møter fram.
Også i år vart Sommardagar på Hellesylt besøkt av svært mange, og som vanleg i strålande sommarver.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380