Trimtreff i Holedalen

Ved parkeringsplassen står skiltet som peikar mot Holedalsvatnet. (Foto: Rune Hole)

Ved parkeringsplassen står skiltet som peikar mot Holedalsvatnet. (Foto: Rune Hole)

Det blir trimtreff i Holedalen søndag. Og nye skilt for merking av råser og andre sjåverdige opplevingar er komne på plass.

I Holedalen er sett opp skilt ved parkeringsplassen med retning mot Holedalsvatnet, og i fremste enden står skilt mot Kupa, Hestebreelva og i retning tilbake til Holesætra.

Trimtreff søndag
Det blir trimtreff i Holedalen søndag 7. september. Registrering blir ved enden av Holedalsvatnet, nærast setra mellom kl. 12.00 og 14.00. Småpremiar til dei yngste deltakarane. Det blir høve til grilling.
Sunnylven IL sin trimpost ligg i fremste enden av Holedalsvatnet og gjev 5. trimpoeng.
Friidrett/trimgruppa ynskjer vel møtt ved Holedalsvatnet søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380