Lokalnytt

Vèromslag

Snøen har lagt seg i toppane, men dei fleste sauer nyt no hå`beite på heimebøane.
Snøen har lagt seg i toppane, men dei fleste sauer nyt no hå`beite på heimebøane.

I helga kom vèromslaget frå sommarlege haust til meir kjøleg temperatur. Mange leita sikkert fram både ullraggar og topplue. Truleg vil ”meliset” på dei høgste toppane smelte bort.

Natt til søndag kom snøbygene i høgfjellet, i Sunnylven ned til rundt 700 meter o.h. Lantidsvarsel for Hellesylt i komande veke er variert med sol, skyer, i perioder regn og stigande temperatur mot neste helg, så skiføre er ikkje i sikte enno.
Kjøleg ver i slutten av september med snø i fjellet er som normalt. Håpet må vere at sauer og andre husdyr er komne vel heim frå fjellbeite.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380