A-laget sett frå sidelinja
Laurdag 18. oktober har Sunnylven fotballgruppe invitert til fotballfest. Ein lang sesong er over for alle laga til klubben, seks var med i seriesystemet. Resultata har både gleda og skuffa, også med a-laget herrer.
Stor variasjon i spel og prestasjonar har prega Sunnylven sitt 4. divisjons lag igjennom sesongen. I enkelte kampar har lite fungert av samspel, for så i neste kamp å imponere stort. Det vart ein fin 7. plass på tabellen til slutt og 26 solide poeng. Mange av dei kom i kampar mot lag framom på tabellen, til dømes vart det fire av seks poeng mot Norborg, KM-vinnar og nytt 3. div.-lag, fire av seks mot Stranda og to av seks mot Ørsta. Uflaks i heimekampen gjorde at resultatet der vart uavgjort i staden for siger. Største siger kom mot Vartdal på bortebane med 6-0, same resultatet som laget avslutta med i tap-kampen mot Herd.
Mange lokaloppgjør neste sesong
Laget har slitt med mannskapsmangel til mange kampar. Trenar Sindre Hjelle har aldri gjeve opp same kor mange telefonar som måtte til, og mønstra nødvendig mannskap. Slike -støttespelarar- bør klubben få med vidare.
Heldigvis har klubben ein stor juniorstall som dei neste åra vil utgjere a-stallen meir og meir.
Sett frå sidelinja har Sunnylven sitt 4. divisjons lag gjennomført ein god sesong. Det er utruleg viktig å ha eit seniorlag herrer, -flaggskipet- betyr mykje for rekruttering til fotballen, interessa og publikumsframmøtet på stadion.
Snart skal planane leggjast for ein ny sesong i 4. divisjon der fleire lokale lag vil bli å sjå på Hellesylt stadion. Sikkert er det at både Stranda, Sykkylven, Ørsta, Vartdal, Åmdal og Hovdebygda kjem. Og eitt av laga bør vere motstandar under sommardagar på Hellesylt, årets storkamp i 2009 laurdag 11. juli.
Håpet må vere at Sunnylven beheld den gode stamma i laget også neste sesong og at nye kjem til. Då blir det nye jubelkampar med Sunnylven.