Lokalnytt

Attval i Sunnylven Bondelaget

Endre Frøysa t.h. held fram som leiar i Sunnylven Bondelag. Nils Kåre Frøysa vart nytt styremedlem.
Endre Frøysa t.h. held fram som leiar i Sunnylven Bondelag. Nils Kåre Frøysa vart nytt styremedlem.

Endre Frøysa held fram som leiar i Sunnylven Bondelag. Nils Kåre Frøysa vart nytt styremedlem etter Inge Røyrhus som sa frå seg attval. Resten av styret held fram.

På årsmøtet på Tronstad grendahus var vel 20 av laget sine 70 medlemer til stades. Leiar Endre Frøysa tok attval, og fekk desse med seg i styret: Egil Røyrhus, attval, Jørn Stadheim, attval, Nils Kåre Frøysa, ny, Nils Inge Frøysa og Marit Hellebostad.
Varamedlemer: 1. Rolv Arne Ljøen, 2. Erling Hauge, 3. Johan Inge Kjellstad.

Sunnylven Bondelag har vore medarrangør i 4 bygdeutviklingsmøter, har halde 2 bondekafèar der aktuelle tema har vore oppe til drøfting, og laget deltok under Sommardagar på Hellesylt.
Både årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjent. Laget har over 25.000,- kroner på konto i Sparebanken Møre, men får berre 0.35 % rente på innskotet, vart opplyst på årsmøtet.
Styregodtgjersla vert uendra for komande år, 1000,- kr. til leiar, og 500,- kr. til styremedlemer.
På arbeidsplanen framover står oppretting av ei gruppe som skal sjå nærare på planane om eitt eller fleire fellesfjøs, det blir nye møter saman med Hellesylt Vekst a/s, og det blir oppfølging av tema på siste bondekafè om kyllingproduksjon, sa Endre Frøysa.

Styremedlem i fylkesbondelaget Per Kristian Gjerde, Stranda og styreleiar i Tine Vest Jan Ove Tryggestad, Hellesylt var til stades på årsmøtet og orienterte om aktuelle emner innan jordbruksnæringa.
På årssamlinga vart det servert juletallerken, kaffi og kake.

Kokke Oddveig Kjellstad hadde mykje godt å by på då årsmøtet fekk seg servert juletallerken.
Kokke Oddveig Kjellstad hadde mykje godt å by på då årsmøtet fekk seg servert juletallerken.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380