Evakueringsplan ferdig

På eit godt besøkt møte mellom skuleleiing, dagleg leiar ved beredskapssenteret på Stranda Kjell Jogerud, foreldre og elevar vart opplegget for ei evakuering i tilfelle ras og flodbølge presentert. Sunnylven skule har beredskaps/evakueringsplanen klar.

Registrering av faren for eit fjellskred og flodbølge er inndelt i fem fargar. I dag er statur grønn farge som er lavaste fåre. Beredskap/evakueringsplanen for Sunnylven skule inneheld naudsynte tiltak om målingar skulle føre til endra beredskapsfarge.
Dagleg leiar ved beredskapssenteret, Kjell Jogerud presiserte at det ikkje er teikn som tyder på endring frå grønn til annen farge i nær framtid. Om eit ras vil gå om tre, ti eller trehundre år, var uråd å seie.

Mange måleinstrument
Det han kunne slå fast var at beredskapssenteret vil kunne varsle eit ras i god til, både veker og månader i forvegen. Fjellet vil varsle sjølv ved akselererande utviding i sprekker, og det blir fanga opp av dei mange måleinstrument som er utplassert i Åkernes. I dag er utvidinga frå 0.1 millimeter til 0.5 millimeter i døgnet. Utvidinga har vore stabil over lenger tid, noko meir vår og haust i nedbørrike periodar.
Jogerud var sikker på at dei no kan varsle eit fjellskred ved Åkernes i god tid, om ikkje hadde han ikkje påstått det heller, sa han.

Øvelse ”Tyr”
I veke 43 er det testing av alle sireneanlegg i området langs Storfjorden. Veka etter blir beredskapsøvelsen ”Tyr” gjennomført, sa Jogerud. I fjor var det terroranslag i Oslo som var senariet, i år er det fjellskred med flodbølge på Vestlandet.
Øvinga blir realistisk med fysisk evakuering av folk enkelte stader. Kva område som vil bli øvingsobjekt, kunne ikkje Jogerud gå ut med. Ingen skulle kjenne til noko på førehand.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380