Fotballfest på Tronstad grendahus

Sunnylven junior 2008.

Sunnylven junior 2008.

Damelaget og juniorlaget har spela sine siste kampar denne sesongen. Laurdag avsluttar a-laget mot Herd, og ei veke seinare blir årets store fotballfest arrangert på Tronstad.

Laurdag 18. oktober kl. 20.00 er dag og tid, og Tronstad Grendahus er staden for Sunnylven fotballgruppe sin årsfest for herrer, damer og juniorlag 2008. Leiinga oppmodar spelarar, trenarar, oppmenn og andre med tilknyting til å melde seg på innan tysdag 14. oktober.
Festen er også for publikum, så også alle med -eit hjarte- for Sunnylvsfotballen blir oppmoda om å melde seg på til fotballfest på Tronstad grendahus innan 14. oktober. Ring leiar i Sunnylven fotballgruppe, Steinar Hjelle tlf. 951 41 999.
På festen blir det servering av spekemat m/tilbehør, og mange prisutdelingar.
Pris pr. person kr. 200.-

Sunnylven damelag 2008.

Sunnylven damelag 2008.

Sunnylven herrer 2008.

Sunnylven herrer 2008.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380