Fylket støttar ungdomsklubben Verkstedet

Etter søknad har Møre og Romsdal fylke innvilga tilskot på 300.000,- kroner til opprusting av lokale til ungdomsklubben Verkstedet. Ei gla`melding til alle som har jobba for å få til eit fleirbrukshus for ungdom på Hellesylt.
Leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole opplyser at tidlegare har Stranda kommune gjeve tilsagn på 400.000,-, Gjensidigefondet 200.000,-, og 60.000,- kroner frå LASS i Noregs Ungdomslag.
Istandsetting av lokala i den gamle bilverkstaden er eit samarbeidsprosjekt mellom Hellesylt Ungdomslag, foreldre og ikkje minst ungdom på Hellesylt. Total kostnad med oppussing er 1.2 mill. kroner.