Gåve til treningssenter

Inge Hole, dagleg leiar i Hellesylt Vekst a/s.

Inge Hole, dagleg leiar i Hellesylt Vekst a/s.

Under grillkvelden på Peer Gynt Galleriet laurdag orienterte dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole om arbeidet i utviklingsselskapet. Han hadde også med pengegåve til det nyopna treningssenteret til Sunnylven IL.
Laurdag opna Sunnylven IL sitt nye gym- og treningssenter på Hellesylt. Inge Hole sa at Hellesylt Vekst såg på tiltaket som viktig og nyttig for trivsel i bygda og kunngjorde at selskapet hadde vedteke å støtte treningssenteret med ei gåve på 10.000,- kroner.
Leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland takka for gåva som han sa skulle gå til innkjøp av ei tredemølle. Mykje utstyr var alt på plass, men ei tredemølle mangla.

Handlingsplan til Hellesylt Vekst
Å skape befolkningsvekst, levande bygder og berekraftig utvikling i Hellesylt var av hovedmåla til Hellesylt Vekst, sa Hole. Han trudde på samarbeid og at det å lytte og lære av kvarandre var nyttig. Engasjement, tru på at ein ville lukkast og ikkje minst det å trivast var viktig. Selskapet sitt mål var å hjelpe andre, legge til rette og heile tida få til verdistigning i det som blei gjort, sa Hole.
Byggeforbudet var ein hemsko for utvikling i bygda. Målet var likevel å få på plass djupvasskai, nytt hotell, gjestebrygge, og starte planlegging av eit hyttefelt i nærleiken av Hellesylt. Selskapet jobba også med utvikling av eksisterande bedrifter, kartlegging av reiselivet, få realisert kultur/ungdomshuset Verkstedet, og Hellesylt fossepark med lyssetting.
Satsing innan reiselivet på geoturisme, ta vare på den lokale egenart stod også på agendaen i tida framover, sa Inge Hole. 15 bedrifter med startkapital på 1. mill. kroner står bak Hellesylt Vekst a/s.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380