Godt fiske i Korsbrekkeelva

Ragnar Kaland t.v. har sjølv opplevd store fiskedagar i Korsbrekkeelva, som her saman med Jan Melseth i 2006.

Ragnar Kaland t.v. har sjølv opplevd store fiskedagar i Korsbrekkeelva, som her saman med Jan Melseth i 2006.

Laksefiske i Korsbrekkeelva var svært bra i år. Betydeleg betre enn i fjor, fortel Ragnar Kaland, sjølv ivrig fiskar i elva.
Ragnar Kaland har tala frå fisket siste sesong. I fjor vart det teke opp 960 kilo, i år rundt 1700 kilo. Det synest han er svært bra. Gledeleg var det at det var mykje mellomlaks, laks på 4 til 6 kilo som vart fiska.
Han er veldig godt fornøgd med resultatet, ikkje minst med tanke på at elva var relativt lita frå juli og ut sesongen. Årsaka til det gode fisket er vanskeleg å peike på, det kan vere fleire grunnar seier Kaland, både strengare restriksjonar i sjøfiske og godt kultiveringsarbeid i elva har nok vore medverkande.

Yngelproduksjonen sikra
Han berømmar arbeidet som blir gjort med fornying av laksestamma og rosar spesielt Arne Korsbrekke. Han har gjort og gjer ein stor innsats på dette feltet, slår Kaland fast.
-Mykje kreativt arbeid og måten ein driv kultiveringsarbeidet på er veldig bra. Vi tek opp stamfisk gjennom sesongen og har store kar som fisken går i. Dessverre var det ikkje så mange som donerte stamfisk til oss, vi kunne tenk oss nokre fleire ho-fiskar, men det vil kome. Stamfisken som vi har ser veldig bra ut, så produksjonen av lakseyngel ved klekkeriet i Husøyna skal vere sikra. Og vi har alliert oss med veterinær i arbeidet, så vi skal kjempe om å få til beste lakseelv i fylket, i alle fall på Sunnmøre-, slår Ragnar Kaland fast.

Monsterfisk
Sjølv drog han på land rundt 15 laksar, den største på 10 kilo. Årets største laks vog 17 kilo, men er ”smågut” mot det som er observert i elva.
-I Korsbrekkeelva går ein monsterfisk som røynde fiskarar han tippa til over 30 kilo. To hadde han på stang i sommar, ein fiskar frå Sykkylven og ein frå Lillehammer, men begge fekk berre eit glimt av ruggen som dei tippa var 1.5 meter lang. Det vart med berre eit rykk i stonga for begge to-, fortel Ragnar Kaland som bedyrar at dette er inga fiskarskrøne.

At laksefisket var kjempebra i Korsbrekkeelva i år er dette bildet eit bevis på.

At laksefisket var kjempebra i Korsbrekkeelva i år er dette bildet eit bevis på.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380