Lokalnytt

Grilla kje-kjøtt

Kirsti Indreeide med eit stort fat grilla kje-kjøtt, klart til servering
Kirsti Indreeide med eit stort fat grilla kje-kjøtt, klart til servering

Grillkvelden på Peer Gynt Galleriet vart nye kulinariske opplevingar for dei mange frammøtte. Vertinne på Petrines Gjestgiveri, Kirsti Indreeide baud på grilla kje-kjøtt, ei gløymd delikatesse.
Kirsti Indreeide har vore vertinne på Petrines i Norddal sidan 1995, eit lite Gjestgiveri med 8 doble rom, og som har sesong frå mai til september. Her får gjestane det beste av kortreist mat, av råstoff henta i nærområdet. På menyen står ofte hjortekjøt, ørret fiska i eit av fjellvatna i Norddal, eller sei frå fjorden. Ikkje minst har grilla kje-kjøtt blitt ein slager som spesielt italienske og tyske turistar set stor pris på, fortel Kirsti Indreeide.

Liten tilgang
Problemet er å skaffe nok av den gløymde delikatessa, som ho kallar det. Noko kan skaffast lokalt, men det meste kjøper ho ved Ole Ringdal a/s på Hellesylt. Ho hadde ønska at fleire starta opp med geithald og dermed fått fram meir kje-kjøtt. Geita er også ein viktig landskapspleiar, seier Kirsti Indreeide.

Gjennom næringsorganisasjonen ”The Happy End” i Norddal jobbar ho for å halde på tradisjonar og få fram lokale produkt både frå gardsbruk og småbedrifter. På Petrines Gjestgiveri finn ein til dømes både lokalproduserte bringebær og ekte geitost frå Herdalssætra.
Under grillkvelden på Peer Gynt Galleriet presenterte Kirsti Indreeide delikatessa grilla kje-kjøtt både gjennom ord og song. Serveringa vart ein ny oppleving, og som fall i smak hos dei fleste.

Mange hjelpte med grillinga, frå v. Ruth Hole Aaland, Gisle Aaland, Ole A. Ringdal, Magne Brekke.
Mange hjelpte med grillinga, frå v. Ruth Hole Aaland, Gisle Aaland, Ole A. Ringdal, Magne Brekke.
God mat tykte frå v. Arnfinn Tryggestad, Målfrid Espe, Magnus Espe, Jørgen Wollsæter.
God mat tykte frå v. Arnfinn Tryggestad, Målfrid Espe, Magnus Espe, Jørgen Wollsæter.
Knut Sundgot forsyner seg av grilla kje-ribbe, servert av Marit Hellebostad.
Knut Sundgot forsyner seg av grilla kje-ribbe, servert av Marit Hellebostad.
Programvert under grillkvelden, Jan Ove Tryggestad hadde med gåver til to tilreisande, Solveig Brøste Sletta t.v. og Kirsti Indreeide.
Programvert under grillkvelden, Jan Ove Tryggestad hadde med gåver til to tilreisande, Solveig Brøste Sletta t.v. og Kirsti Indreeide.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380